Luther med latter - Stavanger Forum

28. juni 2017: 21:30 - 23:00

Arena/lokale: Stavanger Forum

Legg til i kalender   28.06.2017 21:30:00 28.06.2017 23:00:00 Africa/Blantyre Luther med latter - Stavanger Forum NMS sin Sommerfest/GF presenterer førestillinga "Luther med latter" laga av Ryfylke Livsgnist. 500 år på 90 minutt med humor, musikk og historie Stavanger Forum, Gunnar Warebergs gate 15, Stavanger, , 4021 YesMan billetter post@yesman.no false DD/MM/YYYY


SeksjonPrisAntall billetter
14406263632 Ingen setereservasjon kr 280,00 kr 0,00
select
Legg i handlevognen


I samband med Det Norske Misjonselskap sin Sommerfest og Generalforsamling i Stavanger presenterer Ryfylke Livsgnist førestillinga "Luther med latter"

I 2017 er det 500 år sidan Martin Luther starta reformasjonen, då han hengte opp 95 tesar mot avlatshandelen på slottskyrkja i Wittenberg. Det er truleg enkelthendinga som har prega Europa, Norge og Rogaland mest.

Ja, Martin Luther fekk faktisk oppkalla ei heil kyrkje/religion etter seg, i den lutherske lære og tru.

Ryfylke Livsgnist har laga førestillinga «Luther med latter» - eit historisk og humoristisk skråblikk på kva Lutherdommen har ført med seg gjennom 500 år i våre bygder og byar.

I beste lutherske ånd, blir det mykje humor. Ja, alt frå folk som sovnar under laaange preiker, konfirmantar som svimar av under overhøyring, ein gal teologiprofessor, pietisme, rasjonalisme, kollekturo salmestrid, sørlendingar som stikk av med biskopen og fram til lovsong i dag…. For berre å nemna noko.

500 år på 90 minutt, der dei er fire formidlarar som spelar ulike roller, er historieforteljarar og musikar – og går ut og inn av dei ulike hendingane og hundreåra.

Førestillinga er tufta på historiske fakta, humoristiske vinklingar og musikalsk truverd. Med å bruka mykje humor, vil også publikum følgja ekstra godt med og læra om kva Luther har hatt å seia for vår kyrkje-, kultur- og språkhistorie gjennom 500 år. Derfor blir «luther-kabareten» ei ålmenn førestilling, der du ikkje treng å vera verken Lutherkjennar eller i den inste kyrkjekrins for å få ei stor oppleving.


Luther med latter - Stavanger Forum

Luther med latter - Stavanger Forum
It looks like your cookies have disabled on your browser, this store requires cookies, please adjust your browser's settings to enable cookies to continue.